|
18. august var det 100 år sidan Olav H Hauge, ein av Nordens fremste lyrikarar blei fødd. Det vert markert med eit heildags program i Bokbyen ved Skagerrak lørdag 16. august. Programmet omfatta både diktlesing og samtalar med Haugekjennarane Dagfinn Tveito, Anna Hjeltnes og Arne-Ivar Kjerland.
|
|
|
|
meir enn 50 fornøgde og interesserte tilhøyrarar samla seg for å høyre Olav H Hauge-kjennarane Dagfinn Tveito, Arne-Ivar Kjerland, Jan Kløvstad og Anna Hjeltnes. (Foto: Narve Lid)
18. august er det 100 år sidan ein av Nordens fremste lyrikarar blei fødd. Olav H. Hauge blir feira med arrangement i Oslo, heimbygda Ulvik og heile Vestlandet gjennom heile dette året. I Bokbyen ved Skagerrak blir det diktlesing rundt om i dei mange butikkane kvar klokketime laurdag 16. august. Og på slaget kl 1200 samtalar dei tre Haugekjennarane Dagfinn Tveito, Anna Hjeltnes og Arne-Ivar Kjerland om Hauge i Museumshaven Bok og Café. Det høvers eg å snakke om Hauge i ein hage. Gartnaren frå Ulvik dyrka frukt og lyrikk i eit langt liv. Han gav ut fleire samlingar med gjendiktingar av engelsk, fransk og tysk lyrikk. Hans eigne dikt har også nådd langt ut i verda, og gjendiktingane er komne ut på over 25 språk til nå. Olav H. Hauge var både klassist og modernist. Nettopp den veldige spennvidda mellom korthogne strofer og formfullenda sonettar har hatt ein eineståande appell på tvers av generasjonane. Til 100-årsjubileet er det kome ei pocketutgåve av klassikaren Dikt i samling. 319 sider med over 400 dikt av Olav H. Hauge til berre 99 kroner er ein fest for alle diktlesarar i landet. Som ein bokmeldar har skrive: - No kan desse vedunderlege dikta endeleg bli allemannseige. Dette må vere den perfekte boka for den berømte aude øya. For ein blir aldri ferdig, sjølv om ein les boka gjennom mange gonger. Dagfinn Tveito var god venn av Olav H. Hauge, og er nemnt fleire stader i Hauges dagbøker. Tveito er ein av dei fremste litteraturformidlarane på Sørlandet, som hovudmannen bak seriar med mandagsforedrag i Arendal bibliotek. Her kjem dei fremste litteraturkjennarane i Norden og fortel om dei fremste bøkene i verda. I Museumshaven skal gartnaren og litteraturformidlaren Tveito snakke om vennen, gartnaren og diktaren Hauge. Med seg i samtalen har han Anna Hjeltnes, styreleiar i Bokbyen ved Skagerrak og også ho frå Ulvik. Tredjemann rundt bordet er antikvarbokhandlaren Arne-Ivar Kjerland, som også kjente Olav H. Hauge. Det blir både diktlesing, anekdotar, glimt frå møte med og lesing av Hauge, og rikeleg tid til samtale også med dei som møter fram. Samtalen blir leia av styremedlem Jan Kløvstad i bokbyen, tidlegare forleggar for Olav H. Hauge i Norges Boklag. Museumshaven Bok og Café, Hovedgata 76/Hotellkleiva, midt i bokbystrøket i Tvedestrand laurdag 16. august kl 1200-1300. Og dikt av Hauge kvar time frå kl 1000 til kl 1600 i bokhandlane i bokbyen.
|